Om oss

Om garden

Garden ligg på Tveit, på austsida av Tysnes ved foten av (Hovlands)Nuten, mellom Nymark og Årbakka.

Her har me både sau og geit som hjelper oss å halda landskapet ope. Geitene produserer mjølk til ysteriet. Om sommaren går det også nokre heldige mysegrisar rundt på beite og tek blant anna (hehe) knekken på høymole.

Hønsene leverer egg til eige bruk, men me sel det som er til overs.

Gardsbutikken (sjølvbetent) er open frå midten av mai til det er tomt om hausten. Her kan du betala med kontanter eller Vipps. Det er ein liten gjesteplass på brygga, til dei som vil koma med båt.

Følg med på Facebooksida mi og hald deg oppdatert!

facebook.com/Tveitakjerring-det vesle ysteriet på Tveit

Om`kjerringa`

Ho er opphavleg frå Nederland, og flytta til Noreg i 2008. Etter tre år i Valdres, flytta ho til Tveit, der ho gifta seg med Jens Rasmus i 2011. Ho likar ikkje falske fasadar, og kan vera sur, mjuk, krydra, trolsk, søt, og er taus når ho søv.

Ei kjerring på godt og vondt!