Velkommen til Tveitakjerring
– det vesle ysteriet på Tveit –
Vi produserer ærleg ost frå friske og glade geiter og leverar eit handverksprodukt som er følgt opp frå jord til bord. Vi vil halda osten kortreist.
Med all respekt for tradisjoner, det skal ikke setjast grenser for kreativiteten! Me prøver å tenkja nytt – kanskje det blir det nye?
Om oss
Garden ligg på Tveit, på austsida av Tysnes ved foten av (Hovlands)Nuten, mellom Nymark og Årbakka.
Her har me både sau og geit som hjelper oss å halda landskapet ope. Geitene produserer mjølk til ysteriet. Om sommaren går det også nokre heldige mysegrisar rundt på beite og tek blant anna (hehe) knekken på høymole.
Hønsene leverer egg til eige bruk, men me sel det som er til overs.
Gardsbutikken (sjølvbetent) er open frå midten av mai til det er tomt om hausten. Her kan du betala med kontanter eller Vipps. Det er ein liten gjesteplass på brygga, til dei som vil koma med båt.
Om ostane
Steikjeost/grillost
Opprinelig er dette en kypriostisk spesialitet men ´kjerringo´har laget den på ´Tveit´vis, av kun geitemelk.
Den kan erstatte kjøtt på grillen og kan også steikes i steikjepanne. Smelter ikke!
Ha den på godt brød eller foccacia med GOD olivenolje, kverna pepper og tomater.
STEIKJEGOD!
Mjuk kjerring
Som vant sølvmedalje i NM ost 2017, er ein frisk og smørbar ost som kan brukast på skive med både søtt og salt pålegg. Prøv for eksempel med honning/syltetøy/rørte bær eller røyka laks/speskinke. Du kan ha han på lefsene og.
Sur kjerring
Sur kjerring er ein frisk drenert yoghurt som vann bronsemedalje i NM i ost 2017. Passer utmerket til musli og honning/syltetøy. Finns i varianter naturell og med blåbærsyltetøy og honning.
Tvedta
Salatost i to varianter: Greske krydder på olje eller Naturell på saltlake, den kan til dømes brukast på pizza eller vegetarettar/pai. Dryss på med flytande honning før servering. Godt som fingermat og.
Jens’n
Ligger for tiden på modning og forventer den i løpet av august 2019 igjen.
Ein ´manchego´lignende ost.
Smaker best på romtemperatur i lag med et glas vin, øl eller eplemost!